Keban er ein småby og eit distrikt i Elazığ-provinsen i Tyrkia. Han har eit folketal på 4 857 (2012). Den andre største demningen i Tyrkia, Kebandemningen som demmer opp Eufrat, ligg her.
Keban ligg vest i Elazığ-provinsen, 46 km frå provinssenteret. Vest for Keban ligg Arapgir-distriktet i Malatya-provinsen, i nord Çemişgezek-distriktet i Tunceli-provinsen, i nordvest Ağın-distriktet og i sør Baskil.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Keban, Elazığ» frå , den 10. februar 2015.
Kategori:Provinsen Elâzığ Kategori:Byar ved Eufrat Kategori:Byar i Tyrkia