Meirav (hebraisk מֵירַב) eller Merav er ein religiøs kibbutz som ligg i fjellsida av Gilboafjellet i Israel. Han ligg kring ti kilometer sørvest for Beit She'an og mindre enn 500 meter frå Den grøne linja i Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית עמק המעיינות}}, Mo'atza Azorit Emeq Hamaayanot), som fram til 2008 heitte Beit She'an-dalen regionale kommune.
Namn Somme knyter namnet «Meirav» til soga om dødsfallet til Saul i slaget ved Gilboa mot filistrane, som ein trur skal ha skjedd i nærleiken. Dottera til Saul heitte Meirav (1 Samuel 14:49).Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.323 , ISBN 965-220-186-3 (English) Namnet kan tolkast som «mykje vatn».
Historie Kibbutzen vart opphavleg grunnlagd som ein Nahal-busetjing på fjellet Malkishua i 1982 og er den nyaste religiøse kibbutzen i landet.kibbutzim About.com I 1987 vart staden flytta til den noverande plassen på Avinadav.
Meirav ligg like sør for ein annan religiøs kibbutz, Ma'ale Gilboa. Sidan dei begge er religiøse kibbutzar, vart det avgjort at sjølv om dei ligg i Gilboafjella og det hadde vore naturleg for dei å vere ein del av Gilboa regionale kommune, så var det betre å inkludere dei i Beit She'an-dalen regionale kommune, der det var ei gruppe religiøse kibbutzar, som Ein HaNatziv, Sde Eliyahu, Shluhot og Tirat Zvi.
Den 18. november 2011 rapporterte Haaretz at grensemuren nær Meirav kibbutz var endra slik at kring 1 500 dekar med palestinsk land hamna over på israelsk side. Dette vart gjeve til kibbutzen av israelske styresmakter. Ein meiner dette er det første tilfellet av at palestinsk-eigd land overført til eit samfunn i den israelske delen av den grøne linja. I følgje Haaretz hadde ikkje dei israelske styresmaktene rett til å overføre privateigd palestinsk land til kibbutzen. Styresmaktene innrømde at det vart gjort ein feil og at dei kom til å overføre landområdet attende til den palestinske eigaren i februar 2013.
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Meirav» frå , den 14. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kibbutzar Kategori:Den religiøse Kibbutzrørsla Kategori:Busetnader grunnlagde i 1982 Kategori:Busetnader grunnlagde i 1987 Kategori:Nahal-busetnader Kategori:1987 i Israel Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel