«Rockaria!» er ein song av Electric Light Orchestra (ELO), skriven av Jeff Lynne. Han er det tredje sporet på albumet A New World Record frå 1976, og var den andre singelen frå albumet. På somme CD-utgåver av A New World Record står songen oppført utan utropsteiknet.
Innspeling Mary Thomas syng operavokalen i introduksjonen. På det første forsøket byrja ho for tidleg, men Lynne valde likevel å bruke dette opptaket (med utropet hennar «Oops!»). Under konsertane vart «arien» i songen framført av bassisten Kelly Groucutt.
Musikk Songen er ei unik blanding av blues, glamrock, opera og powerpop. I følgje teksten er ei kvinne besett av operameisterverk av Wagner, Beethoven, Puccini og Verdi og songaren ønskjer å syne ho korleis ho skal rock and roll. Mot slutten av songen kjem ein tvist då det syner seg at operasongen faktisk kan rocke med dei beste av dei, og at ho har nokre triks å lære songaren. Når Beethoven vert nemnt kan ein høyre den kjende opninga av den femte symfonien hans på piano.
Tittelen på songen vert ikkje sungen i teksten, men vert ofte uttalt feil, slik at det rimar på «diarrhea». Det er i røynda ei samanslåing av orda rock og aria.
B-side «Poker» er ein song skriven og framført av Electric Light Orchestra, henta frå same albumet som A-sida, der han var spor nummer 5. Han er den kortaste songen på albumet med ei lengd på 3:34. Kelly Groucutt song det meste av teksten på songen.
Songen vart nytta som B-side igjen seinare, først i Storbritannia i 1979 som B-sida til den amerikanske singelverjsonen av «Confusion».
Lister Liste (1977)PlasseringAustralia (Kent Music Report)10Belgia (VRT Top 30 Flandern)17
Jeff Lynne spelte inn songen på ny i 2013 for eit samlealbum med andre nyinnspelte ELO-songar. Albumet vart gjeve ut som eit ELO-album.,
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rockaria!» frå , den 15. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1976 Kategori:Singlar frå 1977 Kategori:Electric Light Orchestra-songar Kategori:Songar produserte av Jeff Lynne Kategori:Songar skrivne av Jeff Lynne