Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen er ein mellomstatleg internasjonal organisasjon som arbeider for gjennomføringa av Kjemivåpenkonvensjonen, blant anna ved kontroll og øydelegging av kjemiske våpen. Organisasjonen har 190 medlemsstatar. Hovudkontoret ligg i Haag i Nederland.

Organisasjonen blei tildelt Nobels fredspris i 2013 «for dens omfattende arbeid for å avskaffe kjemiske våpen».«Nobels Fredspris for 2013», pressemelding, Den norske Nobelkomité.

Bakgrunn og virkeområde Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen blei til som følgje av inngåinga av Kjemivåpenkonvensjonen, som tredde i kraft i 1997. Denne internasjonale avtala blei inngått ved nedrustningskonferansen i Genève i 1992 etter langvarige forhandlingar for å få til eit totalforbod mot kjemiske våpen. Konvensjonen forbyr produksjon, lagring, handel, overføring og bruk av kjemiske våpen.«Organisasjonen for forbud mot kjemiske våpen og Kjemivåpenkonvensjonen», Utenriksdepartementet. Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen blei oppretta for å sikra dette. Han er ikkje ein del av SN-systemet, men har ei samarbeidsavtale med Dei sameinte nasjonane.

Statar som er part i Kjemivåpenkonvensjonen blir òg medlem av Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen. I desember 2013 var 190 statar medlem av organisasjonen.«OPCW Member States», Organisation for the Prohibition of Chemical Weapons. Sju statar er ikkje med i organisasjonen. Israel og Myanmar har underteikna, men ikkje ratifisert, avtala, medan Angola, Egypt, Nord-Korea og Sør-Sudan korkje har underteikna eller ratifisert.«Non-Member States», Organisation for the Prohibition of Chemical Weapons.

Generaldirektørar José Maurício Bustani (1997–2002) Rogelio Pfirter (2002–2010) Ahmet Üzümcü (2010– )

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Organisasjonen for forbud mot kjemiske våpen» frå , den 21. februar 2015.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skipingar i 1997 Kategori:Internasjonale organisasjonar Kategori:Organisasjonar i Haag Kategori:Vinnarar av Nobels fredspris