Afikim (hebraisk אֲפִיקִים) er ein israelsk kibbutz knytt til Kibbutzrørsla i Jordandalen, 3 km frå Genesaretsjøen. Han høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 1 427.
Namn Namnet Afikim tyder «elveleie» og syner til Jordanelva og sideelva hennar, Yarmukelva.
Historie mini|venstre|Barnepleiar med kibbutzbarn i barneheimen. (1960-åra)
Russiske jødar som høyrte til Hashomer Hatzair-rørsla organiserte seg i 1924 og slo seg ned i området kring Wazia i Øvre Galilea. I 1932 flytta gruppa til den noverande plasseringa på eit landområde som høyrte til Degania Bet, og fleire grupper av sioniste sosialdemokratiske, europeiske jødar kom til etter kvart. Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Afikim råka av mange bomber frå syriske og irakiske styrkar, og var ein skanse for Palmach. Sidan vart han eit senter for trening av soldatbønder i Nahal. Under delinga av rørsla kibbutz Meuhad vart ikkje Afikim, i motsetnad til mange andre kibbutzar, delt i to landsbyar. Han vart i staden heller med den Mapai-tilknytte delen som sidan grunnla Ihud kibbutzar. I 1977 tok Afikim i mot 66 flyktningar frå Vietnam. I 2011 tok kibbutzen i mot 100 nye medlemmar.
Økonomi mini|Afikim meieri
Afikim dyrkar i dag bananar, daddelpalmer, subtropiske planter og korn. Her vert det òg drive akvakultur og meieridrift. Kibbutzen har 400 kyr. Han driv SAE Afikim, eit meierselskap, og Afikim Electric Mobilizers, ein produsent av elektriske kjerrer.
Det første elektroniske mjølkemålaren, som måler kor mange liter ei ku har produsert, vart funnen opp i Afikim. Andre oppfinningar herfrå er eit pedometer som måler kor mange steg ei ku har teke, slik at ein kan finne den rette tida for inseminasjon.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Afikim» frå , den 22. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kibbutzar Kategori:Jødiske landsbyar i Palestinamandatet Kategori:Busetnader grunnlagde i 1932 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Russisk diaspora i Israel