Beit She'arim (hebraisk בֵּית שְׁעָרִים, tyder 'Porthuset') er ein moshav nord i Israel. Han ligg i Galilea nær Ramat Yishai og høyrer til Jezreeldalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 528.

I 1920-åra organiserte Luise Lea Zaloscer og syster hennar Klara Barmaper kjøpet av landområdet for den planlagde moshaven på vegner av JNF i Jugoslavia. I 1926 slo ei gruppe emigrantar frå Jugoslavia seg ned på staden og grunnla ein moshav, og namngav han etter den antikke byen Beit She'arim. Ruinane av denne byen ligg i det som i dag er ein nasjonalpark. På grunn av økonomiske vanskar flytta dei fleste nybyggjarane i 1930-åra, og i 1936 vart moshaven grunnlagd på ny av medlemmar frå HaNoar HaOved VeHaLomed, emigrantar frå Jugoslavia og Aust-Europa.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Beit She'arim» frå , den 27. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1926 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Jugoslavisk diaspora Kategori:1926 i Israel