mini|Skalletaket sett frå oversida. Bregma ligg ved kryssinga av koronarsaumen og pilsaumen. Lambda er òg synleg der pilsaumen kryssar lambdasaumen.

1) Koronarsaumen 2) Pilsaumen 3) Lambdasaumen Bregma er det anatomiske punktet på skalletaket der koronarsaumen blir kryssa vinkelrett av pilsaumen. Ordet bregma kjem frå gresk og tydar «på toppen av hovudet». Liddell & Scott, Greek-English Lexicon

Struktur Plassering Bregma ligg ved kryssinga mellom koronarsaumen og pilsaumen i den midtre delen av skalletaket. Den dannar punktet der pannebeinet møter issebeina.

Utvikling Bregma er kjent som den pannefontanellen i spedbarnsalderen. Fontanellen er membranøs og lukkar seg i laupet av dei første 36 månadane av livet.

Klinisk relevans I den medfødde lidinga cleidokranial dysplasi, lukkar ikkje pannefontanellen seg for å forme bregma.

Bregma blir ofte bruka som eit antropometrisk målepunkt ved stereotaktisk kirurgi i hjernen.

Ved undersøking av nyfødde og spedbarn er det vanleg å palpere pannefontanellen. Eit søkk i fontanellen tydar på dehydrering, medan ein spent eller bulande fontanell tydar på auka hjernetrykk.

Fleire bilete

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bregma» frå , den 28. februar 2015.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Menneskeanatomi Kategori:Hovudskallen