Eleanor Jean Parker () var ein USA-amerikansk skodespelar som dukka opp i meir enn 80 filmar og TV-seriar i løpet av livet sitt.IMDB-side Vitja 8. mars 2015. Ho blei ofte dømt «allsidig», og forfattaren Doug McClelland kalla henne «ei kvinne med tusen ansikt»; han skreiv også ein biografi om Parker med same namn.
Da ho var 18 år blei Parker signert av Warner Brothers; dette skjedde i 1941. Ho blei nominert til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle tre gonger i løpet av 1950-talet; for Caged (1950), Detective Story (1951) og Interrupted Melody (1955). (søk på Dorothy McGuire) For rolleskildringa i Caged vann ho ein pris under filmfestivalen i Venezia. Ei av dei mest kjende rollene hennar er Elsa von Schraeder i filmmusikalen The Sound of Music frå 1965, som vann Oscar for beste film. Parker døydde i 2013 i ein alder av 91 år som følgje av kraftig lungebetennelse.«Eleanor Parker, Oscar-nominated Actress and Baroness in ‘Sound of Music,’ Dies at 91,» washingtonpost.com, 9. desember 2013.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Ohio Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:Kvinnelege skodespelarar frå 1900-talet