Sheikh Dannun (arabisk الشيخ دنون, ), òg skrive Sheikh Danun og Sheikh Danon) er ein arabisk landsby i Nord distrikt i Israel. Sidan 1948 har han bestått av to eldre landsbyar - Shaykh Danun og Shaykh Dawud (eller Daud, so tyder «David») - som vart slått saman, og som i dag vert kalla Sheikh Dannun. Han ligg på ein ås oppom slettene ved Akko, og begge desse gamle landsbyane vart bygde kring grava til ein sjeik, og deler ei liknande historie.Petersen, 2002, p.281
Historie Staden har ei gammal historie. Ein har funne gravkammer daterte til den midtre bronsealderen nord for den moderne landsbyen. Ein har òg funne potteskar frå den bysantinske og osmanske tuda.Getzov, 2008, Sheikh Danon, Esh-Sheikh Dawud Final Report
Begge landsbyane er nemnde i skriveria til vestlege reisande i det osmanske Palestina in på 1800-talet. Andrew Alexander Bonar og Robert Murray M'Cheyne, som vitja dei på midten av 1800-talet, skildra Sheikh Daud som ein av mange små landsbyar spreidde over ei vakker slette, like utafor vegen, og at han ein gong var ein kristen landsby.Bonar and M'Cheyne, 1849, p. 315. V. Guérin, som vitja staden same hundreåret, skildra Danun som ei grend kring grava til Shaykh Danun. Han estimerte folketalet til å vere kring 50. Eit av husa i landsbyen vart skildra som større og betre enn dei andre og skal ha høyrt til ein mektig sjeik.Guérin, 1880, pp. 29-30. Cited in Petersen, 2002, p.281-2
The Survey of Western Palestine (1881) skildrar Shaykh Danun som ein «liten landsby, bygd av stein og leire, med kring 50 muslimar, på kanten av ei slette,Conder and Kitchener, 1881, SWP I, p. 147 Shaykh Dawud er skildra på liknande vis, men med 70 muslimar, kringsett av oliventre og åkrar.
Sheikh Danun har seinare teke i mot mange nye innbyggjarar, inkludert internt forflytta arabarar frå dei avfolka palestinske landsbyane Al-Ghabisiyya, Amqa, Kuwaykat, Al-Nahr og Umm al-Faraj.Masalha, 2005, p.84
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sheikh Danun» frå , den 8. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Masalha, Nur (2005): Catastrophe remembered: Palestine, Israel and the internal refugees : essays.
(p.54 )
Bakgrunnsstoff Al-Sheikh Dannun photos, by Dr. Moslih Kanaaneh Welcome To al Shaykh Dannun SWP map III, IAA SWP map 3, Wikimedia commons
Kategori:Arabiske landsbyar i Israel Kategori:Palestinske heilagdomar Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel