Long After Dark er det femte studioalbumet til Tom Petty and the Heartbreakers, gjeve ut i november 1982 på Backstreet Records. Albumet inneheld ein stor MTV-hit, «You Got Lucky», og var det første albumet deira med Howie Epstein på bass og harmonivokal. Vokalen til Epstein er tydeleg gjennom heile albumet, kanskje mest av alt på «Change of Heart». Frå den tid vart vokalen til Epstein ein viktig del av lyden til Heartbreakers. I tillegg var albumet det første av Heartbreakers med synthesizer.

Ein song som vart spelt inn for albumet var «Keeping Me Alive», som Petty sjølv likte godt, men som produsenten Jimmy Iovine mislikte. Petty har fortalt at han meiner albumet hadde vore betre med denne songen på albumet.Zollo, Paul. Conversations With Tom Petty (2005): 81–83. «Keeping Me Alive» vart gjeve ut i 1995 som ein del av plateboksen 1995 Playback.

Innhald

Musikarar Tom Petty – solovokal, 6- og 12-strengs akustisk og elektrisk gitar, sologitar på «We Stand a Chance», Prophet 5 synthesizer Mike Campbell – sologitar, 12-strengsgitar, orgel på «We Stand a Chance» Benmont Tench – akustisk og elektrisk piano, Hammond og Vox orgel, synthesizer, korvokal Stan Lynch – trommer, korvokal Howie Epstein – bassgitar, korvokal Phil Jones – perkusjon Ron Blair – bassgitar on «Between Two Worlds»

Lister

Vekeslister Liste PlasseringAustralian Album Chart77Canadian RPM Album Chart17New Zealand25Sverige20UK Album Chart45USA Billboard 2009

Årslister Liste (1983) PlasseringUS Billboard Pop Album37

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Long After Dark» frå , den 11. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Tom Petty-album Kategori:Musikkalbum frå 1982 Kategori:Album produserte av Jimmy Iovine Kategori:Album produserte av Tom Petty Kategori:Backstreet Records-album