Gonen (hebraisk skrift , tyder 'Forsvart') er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg på Galileastripa nær Kiryat Shmona, og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 314.

Historie Gonen vart grunnlagd 13. august 1951 som ei Nahal-busetjing, og vart sivilisert eit år seinare av ei gruppe hebraiske speidarar. Han var den første Nahal-busetjinga som vart omgjort til ei sivil busetjing.

Namnet kjem frå Kongebøkene og symboliserer den strategiske plasseringa til busetjinga og nærleiken til grensa mellom Israel og Syria frå før seksdagarskrigen. I perioden 1949–1967 var det stadig småtrefningar med syrarane i området kring landsbyen.

I 1994 starta ein prosess med å gjere kibbutzen om til ein fellesbusetnad.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gonen» frå , den 30. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Kibbutzar Kategori:Kibbutz-rørsla Kategori:Nahal-busetnader Kategori:Busetnader grunnlagde i 1951 Kategori:1951 i Israel Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel