Rolf Thommessen () var ein norsk journalist og politikar frå Oslo. Han var sjefredaktør for avisa Tidens Tegn frå 1917 til 1938, og representerte Akershus og Frisinna Venstre på Stortinget i valbolken 1928-30. Han var son til Ola Thommessen.

Liv og gjerning Thommessen studerte kunsthistorie ved Universitetet i Oslo og ved universitet i Paris og Berlin. I 1908 vart han dr. philos. på avhandlinga «Kunstneren i den græske kunst». Han arbeidde som kunstkritikar i Verdens Gang 1901-10, ved Historisk museum 1908–1910 og var universitetsstipendiat 1909–10. I 1910 tok han til som journalist i Tidens Tegn og vart redaktør i 1915, frå 1917 som einerådande redaktør. Avisa satsa under hans leiing på kulturstoff og på biletstoff, noko son var uvanleg i samtidige norske aviser.

Thommessen hadde ei rad politiske verv for Frisinna Venstre. Frå 1923 var han formann i partiet 1933, samstundes skjøtta han vervet som generalsekretær. Han var varaordførar i Bærum 1928–31. Som stortingsmann 1928–1930 sat han i Universitets- og fagskulekomiteen og i Den store budsjettkomiteen. Høgreorienterte Thommessen støtta det konservative Fedrelandslaget i 1925 og let Nasjonal Samling profilere seg i Tidens Tegn i 1933. Avidsdrifta gjekk dårlegare på 1930-talet, og han trekte seg heilt ut i 1938.

Han busette seg på Hisøy i Aust-Agder, der han døydde i desember 1939.

Kjelder Norsk biografisk leksikon

Kategori:Norske redaktørar Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Folk frå Oslo