'Ar'ara (arabisk عرعرة; hebraisk skrift , ‘einebærbusk’Palmer, 1881, p.144) er ein arabisk by i Wadi Ara-regionen nord i Israel. Han ligg sør for Umm al-Fahm, like nordvest for den grøne linja og er ein del av Triangelet. I 2011 var folketalet 22 828.
Historie Det er funne graver med nisjer, hogd ut i stein, og austromersk keramikk.Dauphin, 1998, p. 747
Det er grave ut i eit gravkompleks frå romartida ved Ar'ara med leirlampar og glassilåt og perler, som var vanleg dei første fire hundreåra. Det er òg funne leirbitar frå mamelukktida på same staden.Massarwa, 2007, Ar‘ara Final Report
I krossfarartida vart staden kalla Castellum Arearum. I landdelinga gjort av sultan Baybars i 1265-1266, vart Ar'ara delt mellom amirane hans Ala' al-Din og Sayf al-Din Bayhaq al-Baghdadi.Ibn al-Furat, edition Lyons and Lyons, I, p.102; II, p.81. sitert iPetersen, 2001, p. 94
Ar'ara, vart som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i 1596 stod han oppført i Ar'ara i osmanske skattelister som ein del av Shara nahiya i Lajjun liwa. Han hadde åtte muslimske hushaldningar og betalte skattar for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, p. 159
På 1700-talet var landsbyen framleis i Lajjun distrikt, men inntektene frå staden gjekk til mutasarrıfen i Jaffa.Cohen, 1973, s.175, sitert iPetersen, 2002, s.94 Seint på 1800-talet vart staden skildra som: Ein landsby med moderat storleik i høgda, med ei kjelde i aust, ei anna kjelde i vest og ein brunn i sør. Det finst graver hogd ut i berget i nærleiken. Folketalet er 400.Conder and Kitchener, 1882, SWP I, p. 41. Also cited in Petersen, 2001, p.94.
I folketeljinga i 1922 utført av dei britiske mandatstyresmaktene hadde Ar'ara 735 innbyggjarar, alle muslimar.Barron, 1923, Table XI, Sub-district of Haifa, p. 34 Dette auka i 1931 til 971, framleis alle muslimar, fordelt på 150 hus.Mills, 1932, p. 87
I 1945 hadde Ar'ara og Arah eit folketal på 2 290 og privateigde landområde på 29 537 mål, i tillegg til 5 802 mål kommunalt land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, p. 47 Av dette var 1 724 mål nytta til plantasjar og kunstig vatna land, 20 560 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, p. 89 medan 33 mål var utbygde område.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, p. 139
Ar'ara vart overført frå Jordan til Israel i 1949 som ein del av Rhodes-avtalane.Family Affair: The Masarwah-Marzuks, Haaretz
Nabolandsbyen ʿAra vart slått saman med Ar'ara i 1985.
Sjå òg Arabiske stader i Israel
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ar'ara» frå , den 7. april 2015. oppgav desse kjeldene: Abel, F.-M., (1967), Geographie de la Palestine, 2 vols. 3. utg. Paris, (II, p. 88) Baedeker, K., 1867, Palestine and Syria. A Handbook for Travellers, Dulan & Co., London ( p. 299)
Cohen, A. (1973), Palestine i Eighteenth Century: Patterns of Government and Administration, hebraisk University, Jerusalem. sitert iPetersen, (2002)
Hartmann, R., (1910), 'Die Strasse von Damascus nach Kairo', ZDMG (=Zeitschrift des Deutschen Morgenlandische Gesellschaft), 64, ( pp. 665–702) (p. 700)
( p.618)
Bakgrunnsstoff Velkomen til 'Ar'ara
Kategori:Lokale kommunar i Israel Kategori:Arabiske stader i Israel Kategori:Triangelet i Israel Kategori:Lokale kommunar i Haifa distrikt