Kerem Maharal (hebraisk skrift כֶּרֶם מַהֲרַ"ל, tyder Maharal-vingarden) er ein moshav nord i Israel. Han ligg nær Atlit og høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 566.
Moshaven vart grunnlagd i 1949 av ei gruppe jødiske holocaustoverlevande, opphavleg frå Tsjekkoslovakia, som immigrerte til Israel med hjelp av Aliya-rørsla etter andre verdskrigen. Han vart bygd på landområdet til den avfolka palestinsk-arabiske landsbyen Ijzim, som vart erobra av IDF i Operasjon Shoter under den israelske sjølvstendekrigen. Han vart kalla opp etter den legendariske rabbien Judah Loew ben Bezalel frå 1500-talet, òg kalla «Maharal».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kerem Maharal» frå , den 8. april 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Tsjekkisk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Busetnader i Haifa distrikt Kategori:Slovakisk diaspora i Israel