mini|1492 var året Christoffer Columbus kom til Amerika. Illustrasjon frå 1893 som viser korleis han tek avskjed frå Ferdinand og Isabella medan ekspedisjonen blir signa av geistlege. mini|«Columbus landstiger i Amerika: Tullbehandling». Vitseteikning av Oskar Andersson.
1492 (romartal MCDXCII) var eit skotår som byrja på ein sundag i den julianske kalenderen.
Hendingar 2. januar: Det siste mauriske området i Spania, Granada, fall for det katolske kongaparet Ferdinand og Isabella. Med det var reconquistaen av Den iberiske halvøya fullendt.World Statesmen: Spain 31. juli: Jødar blei forviste frå Spania; 150 000 sefardar måtte flykta. Sultan Bayezid II av Osmanarriket ønskte jødar velkommen, og sende mellom anna flåten sin for å føra jødar i tryggleik.Jewish virtual library.org 3. august: Christoffer Columbus siglde frå Spania med dei tre skipa «Santa María», «Pinta» og «Niña» for å finna sjøvegen til Asia.Det hände i dag 11. august: Rodrigo Lanzol-Borja y Borja blei vald til ny pave etter Innocens VIII. Han tok namnet Aleksander VI. 12. oktober: Oppdaginga av «Den nye verda». Christofer Columbus såg land i Amerika, som han meinte var «India» (dagens Sør- og Søraust-Asia). Øya han kom til var Guanahani, som han kalla San Salvador, i Bahamas. Det er ukjend nøyaktig kva for ei av Bahamasøyane det dreidde seg om. 27. oktober: Columbus oppdaga Cuba. 7. november: Ensisheimmeteoriten, ein 127 kg stor meteoritt, slo ned ved byen Ensisheim i Alsace. 5. desember: Christopher Columbus gjekk i land på Hispaniola. Han fekk løyve av tainoleiaren Guacanagarí til å setja att nokre menn på øya. Busetjinga deira blei kalla «La Navidad». 31. desember: Rundt 100 000 jødar blei forviste frå Sicilia.
Fødde
4. april: Ambrosius Blarer, tysk-sveitsisk reformator 11. april: Margrete av Angoulême, dronning gift med Henrik II av Navarra 20. april: Pietro Aretino, italiensk renessanseforfattar 2. juli: Elisabet Tudor, engelsk prinsesse, dotter av Henrik VII og Elisabet av York 12. september: Lorenzo II de' Medici, herskar av Firenze 1. oktober: Georg Rörer, protestantisk teolog 12. november: Johan Rantzau, dansk krigar
Døde
9. april: Lorenzo de' Medici, florentinsk statsmann 7. juni: Kasimir IV av Polen 8, juni: Elisabet Woodville, dronning av England 1464–1470 og 1471–1483 (gift med Edvard IV) 25. juli: Pave Innocens VIII 12. oktober: Piero della Francesca, italiensk målar og matematikar Kristina Abrahamsdotter, dronning av Sverige 1470 (gift med Karl Knutsson) mini| Pave Innocens VIII døydde 25. juli 1492
Kjelder