Det sunnmørske kakebordet er eit uttrykk som er brukt om den bognande kaffimaten i selskap på Sunnmøre. I bryllaup, barnedåpar, konfirmasjonar, på syttandemai og i fødselsdagsselskap er det vanleg med kakebord der det er tjue kaker eller meir. Ein kan også ha kakebordet ved ulike tilstellingar, som sommarfest, velkomst eller boklansering.

Dei vanlegaste kakene er kvæfjordkake, suksessterte, gelekake, marsipankake, ostekake, fromasjkake og kransekake. I gravferder er det meir vanleg med formkaker. Oreokake er ei kake som har vorte populær siste åra, medan blautkake har tapt populariteten sin. I tillegg til dei runde kakene høyrer det med lefser og dessertar. Av dessertane er karamellpudding mest populært.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Nettstad om kvæfjordkaka Damer som tar kaka ved vl.no (krev abonnement)

Kategori:Sunnmøre Kategori:Norsk mat Kategori:Kake