Johan David Haslund Gjøstein () var ein norsk skulemann og politikar frå Stord. Han var i tolv år stortingsmann, fyrst for Arbeidarpartiet, deretter Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti. Ole Georg Gjøsteen var ein eldre bror.

Johan Gjøstein var i lang tid lærar og overlærar ved Petri skole i Stavanger. Frå 1921 til 1934 var han skuledirektør i Agder og Stavanger.

Heilt frå ungdomsåra engasjerte Gjøstein seg i arbeidarrørsla, var mellom anna formann i Stavanger arbeidarparti. Han var ei særleg drivande kraft då avisa 1ste Mai vart etablert i Stavanger i 1899. Dei fyrste åra var han både styrar og den faktiske redaktøren i avisa.

I 1899 vart Gjøstein medlem av bystyret i Stavanger, og frå 1902 hadde han plass i formannskapet. Åra 1911 og 1912 var han ordførar i byen. Alle desse åra var han også aktiv i fagrørsla.

Frå 1913 til 1924 var Gjøstein stortingsmann. Under dei interne partistridane i Arbeidarpartiet i tida etter fyrste verdskrigen var han ein markert talsmann for den moderate fløya, og fylgde Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti etter partisplittinga i 1921. I rikspolitikken markerte han seg spesielt som ein forkjempar for einskapsskulen.

Ein statue av Johan Gjøstein, forma av Erik Haugland, er plassert på Gjøsteins plass i Stavanger.

Gjøstein døydde i Stavanger.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Norsk Allkunnebok. V. Bandet. 1954

Kategori:Stortingsrepresentantar for Stavanger Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Vest-Agder og Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar frå Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Ordførarar i Stavanger Kategori:Ap-ordførarar i Rogaland Kategori:Folk frå Stord Kategori:Folk frå Stavanger