Jiri Havran () er ein norsk-tsjekkisk fotograf og forleggjar, busett i Oslo.
Jiri Havran vart fødd i Teplice i noverande Tsjekkia. Han kom til Noreg i 1974, og har etter kvart etablert seg som ein mykje nytta arkitektur-fotograf, og har bidrege til ei rekkje bøker.
Han er utdanna frå Sogn vidaregåande skule, og debuterte med separatutstilling i Preus Fotomuseum i 1982. Han deltok på Haustutstillinga i 1984 og fleire påfølgjande år.
Kjelder
arkifoto.no - ein biletdatabase over norsk arkitektur fotografert av Jiri Havran; eit samarbeid mellom Arkitekturmuseet, NAL, Husbanken og Havran
Kategori:Norske forleggjarar Kategori:Norske fotografar