miniatyr|Moderne papiljottar av ulike typar. Papiljott (frå fransk papillote, av papillon, 'sommarfugl') er ein rull av papir, skinn, gummi, plast eller metall som ein kan rulla hårlokkar omkring for å gjera det krøllete. Ordet kan også visa til krøller laga på dette viset.
Papiljottering tek lang tid i høve til krølltong, men er meir skånsamt for håret. Det kan også gje meir fylde enn anna type krølling.Susan Lee, «Fashion: Hair curls for Liverpool girls». Liverpool Echo, 4 March 2009.
Ein kan bruka papiljottar over natta eller gjennom dagen før ein tek dei ut. Det kan vera stor skilnad på om det er akseptabelt å visa seg ute med papiljottar i håret eller ikkje.
Kjelder
«Papiljott» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 12. april 2015.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Hårutstyr Kategori:Franske ord og uttrykk