thumb|22. juli-senteret ligg i H-blokka i Regjeringskvartalet 22. juli-senteret er eit norsk statleg informasjonssenter om terroråtaka 22. juli 2011. Senteret vart opna 22. juli 2015 og ligg i første etasje i H-blokka i Regjeringskvartalet i Oslo. Det skal først og fremst formidle fakta om terrorhendingane og kvifor det skal byggjast eit nytt regjeringskvartal.
Institutt for historiske studiar ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet har det faglege ansvaret for senteret, medan Departementenes tryggleiks- og serviceorganisasjon har ansvaret for drifta. Senteret er opent kvar dag.
Bakgrunnsstoff Den norske regeringa om informationssentret Prosjektet July 22 and the Negotiation of Memory NTNU
Kategori:Informasjonssenter Kategori:Byggverk i Oslo Kategori:Historie i Buskerud Kategori:Historie i Oslo Kategori:Skipingar i 2015 Kategori:2000-talet i Oslo