Gan HaDarom (hebraisk skrift גַּן הַדָּרוֹם, tyder 'Den sørlege hagen') er ein moshav sør i Israel. Han ligg på kystsletta nær Ashdod og høyrer til Gederot regionale kommune.

Historie Moshaven vart grunnlagd i 1953 av flyktningar frå Irak under Operasjon Ezra og Nehemja. Dei første nybyggjarane i Gan HaDarom budde i ein ma'abara-leir i nabolandsbyen Gan Yavne fram til infrastrukturen var på plass for ei permanent busetjing. I 1957-8 vart det bygd nye tjue hus, og 15 familiar frå Polen flytta inn i dei.

I dag bur det 118 familiar i moshaven. Dei fleste innbyggjarane arbeider i dag i nærliggande byane Ashdod og Yavneh og berre få innan jordbruk.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gan HaDarom» frå , den 25. juli 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1953 Kategori:1953 i Israel Kategori:Irakisk diaspora i Israel Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel