Patrick Vieira () er ein fransk tidlegare fotballspelar, fødd i Dakar i Senegal. Midtbanespelaren Vieira vart verdsmeister for Frankrike i 1998 og europameister i 2000, dessutan fekk han VM-sølv i 2006.
Karriere Klubbspel Vieira spelta for AS Cannes frå 1993 til -95. Etter ein mislukka 1995/96-sesong i italienske AC Milan, spelte Vieira på midtbana til engelske Arsenal F.C. frå 1996 til 2005. Gjennom dei ni sesongane vann han tre ligameisterskap og fire FA Cup-titlar med London-klubben. Han spelte i alt 279 ligakampar for Arsenal og skåra 29 ligamål. Sesongen 2005/06 spelte Vieira for italienske Juventus, ein sesong der Juventus fekk flest seriepoeng, men sidan klubben vart dømd for å ha vore involvert i kampfiksing, fråteken Serie-A-tittelen og degradert til Serie B.
Hausten 2006 fekk Vieira kontrakt med Inter i Milano og var med på å vinne italiensk seriegull i fire år på rad. Allereie før han fekk den siste italienske medaljen, hadde han vorte overført til Manchester City på seinvintren 2010. Her kom han inn som innbyttar i sluttsekundane av FA-Cupfinalen 2011, då Manchester City vann 1-0 over Stoke City. Det var han siste kamp på topplan.
Landslagsspel Vieira debuterte for Frankrike i 1997. 1998-2008 var han med i samtlege seks landslagstroppar til dei seks internasjonale meisterskapane i perioden. Under fotball-VM på heimebane i 1998 kom han inn på finalelaget, som innbyttar då Frankrike slo Brasil 3-0. To år seinare var han sentral på midtbana då Frankrike vann EM-gull i Rotterdam. I 2006 var han mellom Frankrikes elleve utvalde til VM-finalen mot Italia, der han vart bytta ut tidleg i andre omgang. Vieira spelte sin 107. og siste landskamp i 2009, med til saman seks nettkjenningar for Frankrike.
Merittar Verdsmeister: 1998 for Frankrike Europameister: 2000 for Frankrike Finalist i verdsmeisterskap; 2006 for Frankrike Engelsk ligameister: 1998, 2002, 2004 med Arsenal FC Vinnar av FA-cupen: 1998, 2002, 2003, 2005 med Arsenal, 2011 med Manchester City Finalist i UEFA-cupen: 2000 med Arsenal FC Italiensk seriemeister: 2007, 2008, 2009, 2010 med FC Inter
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Patrick Vieira» frå , den 30. juli 2015.
eu-football
Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Arsenal-spelarar Kategori:Inter-spelarar Kategori:Juventus-spelarar Kategori:Manchester City-spelarar Kategori:Milan-spelarar Kategori:Folk frå Dakar Kategori:Senegalesiske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2004 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006