Solvang er ein by i Santa Barbara County i delstaten California i USA. Solvang er ein av stadene som i Santa Ynez Valley. Solvang ligg 74 km nordvest for Santa Barbara og 35 km aust for Lompoc. Ved folketeljinga i 2020 hadde byen 6 126 innbyggjarar.. Solvang er blitt kalla «den danske hovudstaden i Amerika.»

Eit stykke Danmark i USA Byen vart grunnlagd av ei gruppe danske lærarar som reiste lengre vest frå Midt-Vesten for å kome seg bort ifrå den kalde vinteren der. Her vart det skapt eit lite stykke Danmark. Dei fleste namna er danske og husa er bygd i tradisjonell dansk stil. Her finst «danske» restaurantar, bakeri, butikkar, vindmøller og til og med kopier av Den lille havfrue og Rundetårn i København. Mange av dei bufaste i Solvang snakkar dansk. Den danske stilen har gjort byen til ein turistattraksjon.

Galleri

Kjelder

Bibliografi Bethania Evangelical Lutheran Church, Our First 75 Years 1912–1987, Solvang, 1987. William Etling, Sideways in Neverland: Life in the Santa Ynez Valley, California, iUniverse, Inc., 2005, 328 pages. Joanne Rife, Solvang. Denmark in the USA, The Book Loft, Solvang, 1975.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad (engelsk)

Kategori:Byar i California Kategori:Stadnamn av dansk opphav i USA