Mirage er det 13. studioalbumet til Fleetwood Mac, gjeve ut 18. juni 1982.

Etter ein pause på over eitt år då den verdsomfattande Tusk-turneen var over, flytta bandet for ei stund til Château d'Hérouville i Frankrike for å spele inn dette albumet. På denne tida hadde Stevie Nicks og Lindsey Buckingham begge starta solokarrierane sine, Nicks med den storsuksessen Bella Donna i 1981 og Buckingham med Law and Order.

Med Mirage tok bandet ytterlegare eit steg mot radiovennleg softrock. Det stod i sterk kontrast til den meir eksperimentelle føregangaren Tusk frå 1979. Mirage gav dei fleire hitsinglar: «Hold Me» (som nådde fjerdeplassen i USA), «Love in Store» (22. plass i USA), «Oh Diane» (niandeplass i Storbritannia) og «Can't Go Back».

Stevie Nicks-songen «Gypsy» var den andre singelen frå albumet og kom i lag med ein lengre video, som skal ha vore den dyraste musikkvideoen som var produsert til då, regissert av Russell Mulcahy. Videoen var den første «World Premiere Video» på MTV i 1982. Singel- og albumversjonen av «Gypsy» varte 4:24, men ein fem og eit halvt minutt lang versjon vart opphavleg spelt inn og denne versjonen vart nytta for videoen. Den lange versjonen av songen vart først tilgjengeleg på CD i plateboksen 25 Years – The Chain.

Dei to andre songane til Nicks på albumet var «That's Alright», som gjekk attende til tida då ho song i duett med Buckingham i 1974, medan «Straight Back» vart skriven vinteren 1981 og handla om då ho enda forholdet til den dåverande kjærasten sin, produsenten Jimmy Iovine, og vanskane ho hadde med å gå attende til Fleetwood Mac etter den store suksessen ho nettopp hadde fått som soloartist. «Straight Back» vart ein radiohit i USA vinteren 1982.

Albumet låg 18 veker inne på topp 10 på albumlista i USA og selde til dobbel platina for to millionar selde eksemplar i USA.. Dette var første gongen gruppa fekk eit album så høgt på albumlista sidan Rumours i 1977. Albumet låg fem veker på toppen av lista og nådde òg ein femteplass i Storbritannia, der det selde 300 000 eksemplar. Albumet nådde andreplassen i Australia.

Sporliste

Turné Mirage-turneen gjekk hausten 1982 og varte berre nokre få månader i 29 byar i USA.

Dei to siste konsertane på turneen vart filma i Los Angeles i 1982. Denne vart gjeven ut på VHS og CED videodisc i 1983. Mange songar var redigert bort, og den 135 minuttar lange konserten vart korta ned til berre 80 minuttar på kassett. Konserten vart gjeven ut på DVD i 2003, men berre i Brasil. I 2006 kom ein ny versjon ut på DVD i Australia med ekstra bonusspor av musikkvideoar av Stevie Nicks.

Medverkande Fleetwood Mac Lindsey Buckingham – gitar, vokal, klaverinstrument, liggande harpe på «Empire State» Stevie Nicks – vokal Christine McVie – klaverinstrument, vokal John McVie – bassgitar Mick Fleetwood – trommer, perkusjon

Andre medverkande Ray Lindsey – gitar på «Straight Back»

Produksjon

Produsert av: Richard Dashut, Lindsey Buckingham og Fleetwood Mac Lydteknikarar: Richard Dashut og Ken Caillat Assisterande lydteknikarar: David Bianco, Carla Frederick

Lister

Listeplasseringar Liste (1982)PlasseringAustralian Kent Music Report2Canadian RPM Album ChartLibrary and Archives Canada. Henta 20 February 20135Nederland6Frankrike11Japan40New Zealand13Noreg2Spania 17Sverige10UK Album Chart5US Billboard 2001Vest-Tyskland12

Årslister Liste (1982)PlasseringAustralia9Canada21Nederland42Frankrike40UK Album Chart44US Billboard Pop Album24 Liste (1983)PlasseringUS Billboard Pop Album88

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mirage (Fleetwood Mac album)» frå , den 12. august 2015.

Kategori:Fleetwood Mac-album Kategori:Musikkalbum frå 1982 Kategori:Album produserte av Richard Dashut Kategori:Album produserte av Lindsey Buckingham Kategori:Warner Bros. Records-album