Stian Eckhoff () er ein tidlegare norsk skiskyttar.

Eckhoff byrja med skiskyting som tiåring og vart med på junior-landslaget som 17-åring. Han har deltatt i verdscupen sidan 2000. Han vann sin første verdscupsiger på sprinten i Östersund i 2004, og sin andre på same distanse på same stad året etter. I 2004/05-sesongen kom han på tiande plass samanlagt i verdscupen, og var dermed nest beste nordmann etter Ole Einar Bjørndalen. Under VM i Hochfilzen i 2005 var han med på å vinna stafettgull for Noreg.

Eckhoff la opp i 2009 då han korkje fann plass på landslaget eller rekrutteringslandslaget.

Eckhoff er bror til skiskyttaren Kaja Eckhoff, som har vore junior-verdsmeister.

Kortfatta merittliste (per 12. desember 2007) Verdscupen samanlagt: Beste sesong: 10. plass (2004/05) Verdsmeisterskap: 1 gull (stafett i 2005), beste individuelle: 9.plass på fellesstart (2003) Olympiske leikar: Beste individuelle plassering: 16. plass (20 km, Torino 2006) Verdscuprenn: 2 gull, 5 bronse

Kjelder Nrk Sport, 01.09.09: Stian Eckhoff legger opp

Kategori:Norske skiskyttarar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Folk frå Bærum