Christian Cantwell () er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Jefferson City i delstaten Missouri som vart verdsmeister i kulestøyt i 2009. Hans personlege rekord er 22,54 meter er frå 2004.

Aktiv Cantwell sigra i kulestøyt under innandørs-VM 2004 i Budapest med eit støyt på 21,49 m. Tre månader seinare fekk han fullklaff i Gresham i Oregon den 5. juni, kula landa etter 22,54 m, hans livs lengste kulestøyt. I 2008 vann han kuletevlinga ved innandørs-VM i Valencia, som i Budapest fire år tidlegare viste han landsmannen Reese Hoffa til andreplass. Cantwell vann så sølvmedaljen i kulestøyt under dei olympiske leikane 2008 i Beijing med eit bestestøyt på 21,09 meter, Tomasz Majewski frå Polen tok gullmedaljen. Under VM i friidrett 2009 i Berlin bytta dei plass, Cantwell vann gullet med 22,03 meter og Majewski sølvet med 21,91 m. Med eit bestestøyt på 22,07 m vann Cantwell IAAF-finalen i Thessaloniki nokre veker etter.

I 2010 vart Cantwell fyrstemann i innandørs-VM for tredje gong, han sigra i Daegu med 21,83 m. Utandørssesongen 2010 gjekk han til topps i Diamond League, etter å ha vunne fire av seks tevlingar. Aller best var han i Eugene 3. juli, då han presterte 22,41 m. Ved friidretts-VM 2011 i Daegu støytte Cantwell som best 21,36 m, noko som gav han bronsemedaljen i tevlinga. Han kom til Sommar-OL 2012 med ein årsbeste på 22,31 meter, men lukkast ikkje i OL-finalen og vart fjerdemann med 21,19 m.

Han la opp i 2016.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2005 i Helsinki: Nr 4 – 20,87 m OL 2008 i Beijing: Sølvmedalje – 21,09 m, bakom Tomasz Majewski (21,51 m) VM 2009 i Berlin: Gullmedalje – 22,03 m, fraom Tomasz Majewski (21,91 m) VM 2011 i Daegu: Bronsemedalje – 21,36 m OL 2012 i London: Nr 4 – 21,19 m VM 2015 i Beijing: Nr 12

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Christian Cantwell» frå , den 18. august 2015. World Athletics

Kategori:Kulestøytarar frå USA Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012