Svetla Dimitrova () er ein bulgarsk tidlegare friidrettsutøvar som vart europameister på 100 meter hekk både i 1994 og 1998.

Aktiv Både i 1986 og 1988 vann Dimitrova sjukampen under junior-verdsmeisterskapane, og sette i 1989 ny juniorverdsrekord i sjukamp. Seinare i sesongen testa ho positivt i doping, og vart stengd ute frå friidrettstevlingar i to år.

Ho kom tilbake på idrettsbana i 1992 og forbetra sin personleg sjukamp-rekord til 6656 poeng. Under Sommar-OL 1992 i Barcelona vart ho nummer fem i sjukamp med 6464 poeng, året etter nummer fire i EM.

Frå 1994 slutta Dimitrova å tevle i mangekamp og satsa på korthekken. Ho gjekk heilt til topps på 100 meter hekk då Europameisterskapen 1994 vart avvikla i Helsinki, med tida 12,72 sekundar hadde to tidels forsprang til russiske Julija Graudyn og si eiga landskvinne, Jordanka Donkova. I same meisterskapen sprang ho tredjeetappen for det bulgarske laget som i 4 x 100 meter stafett sikra seg bronsemedaljar på 43,00, like bak Tyskland (42,90) og Russland (42,96). Dei andre bulgarske bronsekvinnene var Desislava Dimitrova, Anelija Nuneva og Petja Pendareva.

Etter eit års pause, grunna barnefødsel, deltok Svetla Dimitrova i dei olympiske leikane i Atlanta, der ho snubla og fall i semifinalen. Under verdsmeisterskapen 1997 i Aten sigra Ludmila Engquist, som representerte Sverige, på 12,50 sekundar, framom Dimitrova 12,58 og jamaicanske Michelle Freeman 12,61. I 1998 forsvarte Dimitrova EM-tittelen i Budapest. Ho vann med 12,56 sekundar, slovenske Brigita Bukovec fekk sølvmedaljen på 12,61.

Under VM i friidrett 2001 i Edmonton vart det dobbeltsiger på korthekken til USA. Bakom Anjanette Kirkland på 12,42 sekundar og Gail Devers på 12,54, kom Dimitrova og kasakhstanske Olga Sjisjigina i mål på 12,58 sekundar. Målfoto gav Sjisjigina bronsemedaljen og Dimitrova fjerdeplassen. I sin siste store finale, under EM 2002 i München, snubla Dimitrova og nådde målstreken til åttande og sisteplass.

Doping Dimitrova var utestengd frå friidrettsbanen i 1990 og 1991.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1988 i Seoul: Nr 12 i sjukamp – 6171 poeng OL 1992 i Barcelona: Nr 5 i sjukamp – 6464 poeng VM 1993 i Stuttgart: Nr 4 i sjukamp – 6408 poeng EM 1994 i Helsinki: Gullmedalje på 100 m hekk og bronsemedalje i 4 x 100 m stafett OL 1996 i Atlanta: Utslått i semifinalane på 100 m hekk (nr 15) VM 1997 i Aten: Sølvmedalje i 100 m hekk – 12,58 EM 1998 i Budapest: Gullmedalje på 100 m hekk – 12,56 VM 1999 i Sevilla: Nr 5 på 100 m hekk – 12,74 OL 2000 i Sydney: Utslått i semifinalane i 100 m hekk – 12,95 VM 2001 i Edmonton: Nr 4 på 100 m hekk – 12,58 EM 2002 i München: Nr 8 på 100 m hekk

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Svetla Dimitrova» frå , den 22. august 2015.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Bulgarske hekkeløparar Kategori:Mangekjemparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Bulgaria Kategori:Bulgarske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Bulgarske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Bulgarske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Bulgarske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Bulgarske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Dopingsaker i friidrett