mini|Gamle montrar med utstoppa fuglar i Naturhistorisches Museum (det naturhistoriske museet) i Wien i Austerrike. Monter (frå latin monstrare, å syne fram) er ei kasse eller eit skåp som for det meste har sider og front av glas og vert nytta til utstilling av gjenstandar eller objekt, særleg i museum. Meininga med ein monter er å verne innhaldet mot ytre påverknader, støv og anna forureining, og å hindre at gjenstandane vert stolne. Montrane kan ha klimasystem som syter for rett temperatur og fuktinnhald i lufta for at innhaldet ikkje skal teke skade.
Montrar vert òg nytta i butikkar som sel verdfulle smågjenstandar, som til dømes gullsmedvarer og ur.
Sjå òg Vitrine
Kategori:Handel Kategori:Utstilling Kategori:Møblar Kategori:Lagringsmøblar Kategori:Skåp