Bnei Brak eller Bene Beraq (hebraisk: בְּנֵי בְּרַק) er ein by i Israel ved Middelhavet og den israelske kystsletta, like aust for Tel Aviv, i Gush Dan storbyområde og Tel Aviv distrikt. Bnei Brak er eit senter for ultraortodoks jødedom.
Bnei Brak dekkjer eit område på 709 mål. I følgje tal frå Israelsk statistisk sentralbyrå hadde han mot slutten av 2009 154 400 innbyggjarar, med ein årleg vekstrate på 1,7 %. I november 2012 var folketalet i byen 176 556, noko som gjer han til den 10. største byen i Israel. Bnei Brak er av dei fattigaste og tettaste folkesette byane i Israel.
Historie mini|Ponevezh Yeshiva Bnei Brak er kalla opp etter den gamle bibelske byen Beneberak, som er nemnt i Tanakh (Josva 19:45) i ei lang liste over byar i det gamle Judea. Namnet er òg av somme nemnt som eit framhald av namnet på landsbyen Ibn Ibraq, som låg 4 km sør for der Bnei Barak vart grunnlagd i 1924.Cancik, Hubert, Peter Schäfer and Hermann Lichtenberger (1996), Geschichte-Tradition-Reflexion: Festschrift Für Martin Hengel Zum 70. Geburtstag. Mohr Siebeck. ISBN 3-16-146675-6. s. 484.
Bnei Brak vart grunnlagd som ein jordbrukslandsby av Yitzchok Gerstenkorn og ei gruppe olske hasidiske jødar. På grunn av landmangel vart mange av grunnleggjarane tvungne til å ta andre yrke og landsbyenn byrja etter kvart å få eit urbant preg. Arye Mordechai Rabinowicz, tidlegare rabbi i Kurów i Polen, var den første rabbien. Byen vart sett opp som ein religiøs busetnad frå starten av.
I folketeljinga i 1931 var folketalet i Benei Beraq 956, berre jødar, fordelt på 255 hus.Mills, 1932, s. 13
Bnei Brak fekk bystatus i 1950.
Kjende personar frå Bnei Brak Meir Kessler, rabbinar
Venskapsbyar Bnei Brak er venskapsby med: Lakewood i New Jersey i USA
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bnei Brak» frå , den 5. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1924 Kategori:1924 i Palestina Kategori:Ortodokse jødiske samfunn Kategori:Religiøse israelske samfunn Kategori:Byar i Tel Aviv distrikt