Brosh (hebraisk skrift בְּרוֹשׁ, tyder Sypress) er ein moshav sør i Israel. Han ligg nordvest i Negev mellom Ofakim og Netivot og høyrer til Bnei Shimon regionale kommune. I 2006 hadde han 221 innbyggjarar.

Moshaven vart grunnlagd i 1953 og marokkanske immigrantar utgjorde dei fleste av nybyggjarane. Namnet er henta frå Jesaja 41:19:Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.107 , ISBN 965-220-186-3 (engelsk) Yizhaqi, Arie (ed.): Madrich Israel (Israel Guide: An Encyclopedia for the Study of the Land), Vol.6: Sharon, Southern Coastal Plain and Northern Negev, Jerusalem 1979, Keter Press, s.388 (hebraisk) Eg plantar sedrar i ørkenen, akasie, myrt og oliventre. Eg set sypress i øydemarka saman med gran og buksbom;Jesaja 41 - bibelen.no To andre nærliggande moshavar, Tidhar (gran) og Ta'ashur (lerke) har òg namn frå dette verset og dei tre vert i lag kalla Moshavei Yahdav (tyder «Moshavane i lag»). Brosh har eit tenestesenter for dei tre moshavane, inkludert eit bibliotek, ei fritidsordning for barn, ein eldreklubb og eit legekontor.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Brosh, Israel» frå , den 8. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Brosh Negev informasjonssenter

Kategori:Marokkansk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1953 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1953 i Israel