Tzofar (hebraisk skrift צוֹפָר) er ein moshav sør i Israel, nær Veg 90, kring 120 km nord for Eilat. Han ligg sør for Sapir og nord for Tzukim. Han er ein del av Sentral-Arava regionale kommune. I 2005 hadde han eit folketal på kring 300. Namnet kjem frå den nærliggande Tzofar-elva og refererer òg til ein av «venene» til Job (t.d. Job 2:11).Bitan, Hanna: 1948-1998: Fifty Years of 'Hityashvut': Atlas of Names of Settlements in Israel, Jeruusalem 1999, Carta, s.58, ISBN 965-220-423-4 (hebraisk) I Negev er det òg andre kibbutzar med namna til to andre av «venene»: Mahane Bildad i midten og Elifaz sør i Arava.

Historie Busetnaden vart opphavleg grunnlagd som ei Nahal-busetjing i 1968 der Bildadleiren ligg i dag. I 1975 vart grunnlagd som ein moshav av bybuarar og lokale moshav-innbyggjarar og flytta fleire kilometer nordover til dagens plassering.

Etter fredsavtalen mellom Israel og Jordan, vart noko landområde i Tzofar overført til Jorda, men Israel leigde landområdet attende, slik at dei israelske arbeidarane frå moshaven framleisk kunne dyrke dette området.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tzofar» frå , den 9. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Nahal-busetjingar Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1975 Kategori:1975 i Israel