Be'eri (hebraisk skrift בְּאֵרִי) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg nordvest i Negevørkenen nær grensa til Gazastripa og høyrer til Eshkol regionale kommune. I 2006 hadde han 774 innbyggjarar.

Historie mini|venstre|Be'eri Beeri vart grunnlagd den 6. oktober 1946 som ein av Dei 11 punkta i Negev. Han ligg nær Wadi Nahabir, nokre få kilometer sør for Be'erot Yitzhak. Grunnleggjarane var medlemmar av HaNoar HaOved VeHaLomed-rørsla, som hadde førebudd seg i Maoz Haim, i tillegg til somme hebraiske speidarar. Han vart kalla opp etter Berl Katznelson som nytta Be'eri som pseudonym.

I 1947 hadde Be'eri eit folketal på over 150, og før den israelsk-arabiske krigen i 1948 deltok nybyggjarane i landvinning og treplanting. Gruppa auka då fleire unge Halutzim frå Irak kom hit. I følgje ein rapport frå Jewish National Fund i 1949, «I mange månadar var kibbutzen fullstendig isolert, men nybyggjarane heldt fast fram til frigjeringa av Negev i oktober 1948.»

Etter israelsk sjølvstende i 1948, vart kibbutzen flytta 3 km søraust til den noverande plasseringa. Han har tradisjonelt vore ein av dei rikaste kibbutzane i Israel. Etter starten på den andre Intifada har han fleire gonger blitt råka av åtak med Qassam-rakettar og kampar nær den israelske sperringa på Gazastripa, åtte kilometer unna.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Be'eri» frå , den 9. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Be'eri kibbutz wiki

Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1946 Kategori:Jødiske landsbyar i Palestinamandatet Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1946 i Palestina