Magen (hebraisk skrift מָגֵן, tyder ‘Skjold’) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg nordvest i Negevørkenen og dekkjer 8 500 dekar og høyrer til Eshkol regionale kommune. I 2006 hadde han 480 innbyggjarar.

Kibbutzen vart grunnlagd av immigrantar frå Romania den 16. august 1949. Staden ligg på restane av Sheikh Nuran, ei slagmark under Operasjon Assaf i den arabisk-israelske krigen i 1948.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Magen, Israel» frå , den 9. september 2015.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Rumensk diaspora i Israel