Kissufim (hebraisk skrift כִּסּוּפִים, tyder Lengsel) er ein landsby nordvest i Negevørkenen i Israel. Han ligg like ved Gazastripa og høyrer til Eshkol regionale kommune. Landsbyen ligg 92 meter over havet.
Historie Landsbyen vart grunnlagd i 1951 av sionistungdomsrørsla frå USA og Sør-Amerika. Han er ein del av Shalom-blokka av israelske busetjingar for å sikre den sørlege grensa til Israel mot Gazastripa frå mange Fedayeen-infiltrasjonar. Styresmaktene har nyleg finansiert tilbygg til kvar heim som tener som bomberom.
Kissufim-overgangen Den nærliggande grenseovergangen til Gazastripa, kalla opp etter kibbutzen, var hovudvegen inn i Gush Katif-området i Israel frå Gaza. Han er permanent lukka for inngåande israelsk, sivil trafikk sidan 15. august 2005. Den siste israelske soldaten forlet Gazastripa og porten vart lukka kvelden 12. september 2005.Israel completes Gaza withdrawal BBC News, 12. september 2006
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kissufim» frå , den 9. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:USA-amerikansk diaspora i Israel Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1951 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Søramerikansk diaspora i Israel Kategori:1951 i Israel