Zikim (hebraisk skrift זִיקִים) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg nord i Negevørkenen og høyrer til Hof Ashkelon regionale kommune. I 2006 hadde han 385 innbyggjarar.

Zikim vart grunnlagd av unge rumenske jødar i 1947 og har tiltrekt seg medlemmar frå Hashomer Hatzair frå heile verda, inkludert skodespelaren Bob Hoskins i 1967.

Historie Kibbutzen vart grunnlagd av ei gruppe unge rumenske jødar som høyrte til Hashomer Hatzair før dei kom til Palestina i 1947. På den tida var det få jødiske busetjingar i Negev, og kvar stad vart rekna som eit «lyspunkt» (zik) i audemarka. Michael Har-Segor, seinare ein israelsk historikar, kom på namnet medan han sat i fengsel i Romania for aktivitetane sine i Hashomer Hatzair. Han sa han omsette eit sitat frå Pusjkin til hebraisk: «Frå gneistar skal det kome ein flamme.»Past Perfect, Haaretz

Zikim har trekt til seg medlemmar frå Hashomer Hatzair frå heile verda, i nyare tid frå Sør-Amerika. Skodespelaren Bob Hoskins arbeidde som frivillig i Zikim i 1967. I 2006 råka ein Kassam-rakett frå nordlege Gaza ein madrassfabrikk i Zikim. Islamsk Jihad tok på seg ansvaret for åtaket.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Zikim» frå , den 10. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1947 Kategori:1947 i Palestina Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Rumensk diaspora i Israel