Mashabei Sadeh (hebraisk skrift מַשְׁאַבֵּי שָׂדֶה) er ein kibbutz i Negevørkenen i Israel. Han har eit folketal på kring 480 innbyggjarar og høyrer til Ramat Negev regionale kommune.
Historie Kibbutzen vart grunnlagd i 1947 i Halutza-dynene og vart opphavleg kalla Mashabim (hebraisk משאבים, tyder Ressursar). Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart kibbutzen angripen av den egyptiske hæren, men vart halden av Israel. Etter krigen vart han flytta til den noverande staden. Han vart kalla Mashabei Sadeh etter Palmach-leiaren Yitzhak Sadeh som døydde i 1952.Catch '74, Haaretz
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mashabei Sadeh» frå , den 12. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1947 Kategori:1947 i Palestina Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel