Øverbygd kyrkje er ei langkyrkje som står i Målselv kommune i Troms.

Byggverket er frå 1867, er bygd i tømmer og har 280 sitjeplassar. Kyrkja er den eldste i Målselv kommune etter at hovudkyrkja på Storbakken brann ned i 1972.

Altartavla er frå 1934, er utført av Hjalmar Pedersen og viser «Jesus metter 5000 i ørkenen» som midtmotiv. Preikestolen er i tre av Jon Markusson frå 1867. Døypefonten er i furu og frå same tid.

Øverbygd kyrkje vart restaurert innvendig i 1967 og 1972. Mellom anna vart tømmerveggane isolert og panelt, for å gjere kyrkja lunare. Omnane som stod i kyrkja fram til då vart fjerna. Elekstrisk oppvarming og lys vart montert. Kyrkja fekk også doble vindauge. I nyare tid har det vore lokalt initiativ til å føre inventaret i kyrkja tilbake til den opphavlege stilen. Ein er også på jakt etter dei to omnane som vart fjerna i 1972.

Kyrkjegarden ligg like utanfor og er like gamal som kyrkja.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Øverbygd kirke på Kirken.no Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard Arkivverket: Prestegjeld og sogn i Troms

Kategori:Kulturminne i Målselv Kategori:Kyrkjer i Indre Troms prosti Kategori:Kyrkjer i Målselv Kategori:Norske kyrkjer frå 1800-åra