Nahala (hebraisk skrift נַחֲלָה, tyder ‘Eigedom’) er ein moshav sør i det sentrale Israel, nokre kilometer nord for Kiryat Gat og sør for Kiryat Malakhi. Han er ein del av Yoav regionale kommune.
Samfunnet vart grunnlagd i 1953 av immigrantar til Israel frå Jemen, men har i dag ein blanda folkesetnad.
Landsbyen er i lag med nabolandsbyen Menuha kalla opp etter organisasjonen Menuha VeNahala (hebraisk skrift מנוחה ונחלה) som grunnla Rehovot.
Nahala vart grunnlagd på land som høyrte til den palestinske landsbyen Summeil, som vart avfolka under den arabisk-israelske krigen i 1948.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nahala, Israel» frå , den 13. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Jemenittisk diaspora i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1953 Kategori:1953 i Israel