Alon Shvut (hebraisk skrift אַלּוֹן שְׁבוּת) er ei israelsk busetjing som ligg sørvest for Jerusalem, ein kilometer nordaust for Kfar Etzion, på den okkuperte Vestbreidda. Han vart grunnlagd i juni 1970 i hjartet av Etzion-blokka og vart prototypen for jødiske busetjingar i regionen. Han er underlagt Gush Etzion regionale kommune og er nabobusetjing til Neve Daniel, Elazar og Efrat. I 2010 budde det 700 familiar i Alon Shvut. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Vestbreidda ulovlege i følgje folkeretten, medan dei israelske styresmaktene hevdar dei har retten på si side.

Etymologi Alon Shvut tyder «tilbakekomst-eika», og er ein referanse til at jødane kom tilbake etter å ha blitt drive bort frå Gush Etzion av den arabiske legionen frå Jordan i 1948 etter Kfar Etzion-massakren. Den 700 år gamle Kermes-eika (Quercus calliprinos) er heilag for arabarane, med namnet Ballutet el Yerzeh (Yerzeh-eika). Han er godt synleg i Gush Etzion og vart kjend som «den einsame eika». Busetjinga vart grunnlagd like ved eika, som er rekna som eit symbol på fornying og framhald. Eika er med i kommunevåpenet.

Historie Alon Shvut ligg på staden der slaget ved Beth Zechariah vart utkjempa mellom makkabearane og selevkidane etter at selevkidane leid nederlag i Jerusalem. Den antikke byen Beth Zechariah, nord i Judea, er identifisert som ruinane av Khirbet Zechariah, mindre enn ein kilometer nord for Alon Shvut. Han vart rekna som det nærmaste området til Jerusalem der makkabearane kunne utnytte topografien til å blokkere den nordlege framrykkinga til selevkidane, etter at makkabearane tapte slaget ved Beth Zur.

Alon Shvut ligg ved den eldgamle vegen til Jerusalem, som er markert med romerske milepålar. Ein har funne mange mikvehar i åsane kring området, som ein trur har blitt brukt av pilegrimar på veg til tempelet i Jerusalem.

Busetjinga Alon Shvut var planlagt av Moshe Moskovic, som hadde vore medlem av busetjinga Masu'ot Yitzhak i Etzion-blokka før 1948. Hæren inviterte han attende til området like etter seksdagarskrigen. Han sette i gang planar om å rekonstruere Gush Etzion som eit regionssenter.Esther R. Goshen-Gottstein, Surviving widowhood, Gefen Publishing House Ltd, 2002 s.5 Dei første nybyggjarane flytta inn 25. juni 1970, og ein offisiell grunnleggingsseremoni vart halden den 5. juli.Gorenberg, s.401 n.75

Geografi Alon Shuvut ligg nord i Judeafjella kring 950 meter over havet og har relativt kjølige og tørre somrar. Vintrane er milde, med ein del regn og litt snø kvart år.

Kjelder

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1970 Kategori:Religiøse israelske busetjingar Kategori:Gush Etzion Kategori:Gush Etzion regionale kommune