Beitunia (arabisk بيتونيا), òg Bitunya er ein palestinsk by som ligg 3 km vest for Ramallah og 14 km nord for Jerusalem. Byen ligg i Ramallah og al-Bireh guvernement, sentralt på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 19 761 i 2007,2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.114. den tredje største i guvernement etter al-Bireh og Ramallah.
Historie Ein har funne potteskar frå bysantinsk tid, mamelukkane og tidleg osmansk tid.Finkelstein et al, 1997, s. 346-7
I 1883 skreiv Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine at Beitunia var krossfarar-landsbyen Uniet, som var ein av 21 landsbyar som kong Godfrey som eit len til Den heilage grav-kyrkja.Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 11
Men i 1887 identifiserte Röhricht Beitunia med Beitiumen, eit anna len som kongen gav til kyrkja.Röhricht, 1887, s. 205de Roziére, 1849, s. 98, 102: Beituimen; begge sitert i Röhricht, 1893, RRH, s. 16- 17, No 74 Conder meinte det var bevis på at dette var rett og derfor «særs tvilsamt» at Beitunia varUniet.Conder, 1890, s. 30, 32 Abel, skreiv i 1931 at Beitunia var Beit Uniet, som var nemnt i ein tekst tidleg på 1100-talet.
Ein stor kvelva bygning i byen, kalla Badd al Balad («oljepressa i landsbyen») er datert til krossfarar-tida.Pringle, 1997, s. 29Pringle, 2009, s. 235-240
Osmansk tid Beitunia vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i skattelistene for 1596 låg landsbyen i Quds nahiya i Quds liwa. Folkesetnaden var 75 hushaldningar og 5 ungkarar, alle muslimar. Dei betalte skatt for kveite, bygg, oliven, vindruer, frukttre, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 121
Den amerikanske vitskapsmannen Edward Robinson vitja landsbyen i 1838,Robinson & Smith, 1841, vol 2, s. 133, 135 og det same gjorde den franske oppdagaren Victor Guérin i 1870, som noterte at Beitunia hadde kring 600 innbyggjarar.Guérin, 1875, s. 46
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Beitunia som «ein ganske stor landsby i stein, omgjeve av oliven, i høgt lende på ein flat, steinete rygg, med ei slette i aust. I aust ligg cisterner, vinpresser, og ein dam (el Baliia), som inneheld vatn om vinteren. I nord og aust er det hogd ut graver i berget, med fine, men blokkerte inngangar.»Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 8
Det britiske mandatet venstre|mini|Bryllaup i Beitunia, mellom 1934 og 1939. I folketeljinga i 1922 hadde Beitunia eit folketal på 948, alle muslimar.Barron, 1923, Table VII, Ramallah underdistrikt, s. 16 Dette hadde auka i folketeljinga i 1931 til 1 213, framleis alle muslimar, i 277 hus.Mills, 1932, s. 48.
På grunn av dårleg økonomi tidleg på 1900-talet, emigrerte mange folk. Somme kom til Chicago-området, og var involvert i oppstarten av Bridgeview-moskeen.Hard-liners won battle for Bridgeview mosque, February 8, 2004 Chicago Tribune Forget Poles: palestinarar find a home in suburban Chicago , February 7, 2013, webz.org
I 1945 var folketalet 1 490, alle arabarar, medan det samla landarealet var 23 366 mål, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64 Av dette var 7 854 for plantasjar og irrigert land, 8 381 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111 medan 77 mål var klassifisert som utbygde område.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 161
Etter 1948 Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, kom Beitunia under Jordan sitt styre.
Etter seksdagarskrigen i 1967 vart Beitunia okkupert av Israel. mini|Salah Dein-moskeen i Beitunia
Den israelske sperringa på Vestbreidda Beitunia har eit landområde som består av 26 174 mål, der 336,2 hektar er utbygde område. Israel si sperring på Vestbreidda skil byområdet frå 66 % av landsbygda, men det meste av det sperra området (Separasjonssonen) består av skog og opne område som er viktige jordbruksland og beitemarker.Betunia: A palestinsk Community Victimized by the israelske Colonization Activities Applied Research Institute - Jerusalem 2007-11-11.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beitunia» frå , den 22. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Velkomen til Beituniya
Kategori:Ramallah og al-Bireh guvernement Kategori:Byar på Vestbreidda