Aboud eller 'Abud (arabisk عابود, `Ābūd) er ein palestinsk landsby i Ramallah og al-Bireh guvernement, sentralt på Vestbreidda, Dei palestinske territoria, kring 22 kilometer nordvest for Ramallah og 30 kilometer nord for Jerusalem. Andre byar i nærleiken er al-Lubban i nordaust og Bani Zeid i nordvest. Folkesetnaden i Aboud er hovudsakleg kristne. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen eit folketal på kring 2 084 innbyggjarar i 2007.2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.112. Nær landsbyen ligg mange naturlege kjelder som er kjelda til Yarkonelva.

Historie Her finst spor etter romarar, bysantinarar, krossfararar, ajjubidane, mamelukkane og osmanarane. I krossfarartida vart han kalla Casale Santa Maria. I 1225 skreiv Yaqut al-Hamawi om Aboud at han var ein «liten by i Filastin-provinsen, nær Jerusalem. Namnet er hebraisk, og har vorte arabifisert.»Yaqut al-Hamawi sitert i le Strange, 1890, s. 382. Den arabiske historikaren al-Maqrizi nemnte staden på 1300-talet.

Osmansk tid Han var oppført i osmanske skattelister som ein del av Ramla nahiya i Gaza sanjak.

I 1596 hadde han eit folketal på 19 kristne hushaldningar og 16 muslimske hushaldningar, og betalte skatt for kveite, bygg, og andre varer.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 156 Han vart seinare ein del av provinsen Bani Zeid.

I 1870 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin Aboud og estimerte at han hadde kring 800 innbyggjarar, halvparten «skismatiske gerkarar» og halvparten muslimar.Guérin, 1875, s. 87 - 90

I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i «Survey of Western Palestine» landsbyen som «ein stor og blømande kristen landsby, i stein, og nesten alle husa er merka med ein raudfarga kross», med eit folketal på 400 ortodokse kristne og 100 muslimar.Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 289

Det britiske mandatet I folketeljinga i 1922 hadde Aboud eit folketal på 754, 402 kristne og 352 muslim.Barron, 1923, Table VII, Ramallah underdistrikt, s. 16 I folketeljinga i 1931 hadde folketalet auka til 910, 470 kristne og 440 muslimar, i 215 hus.Mills, 1932, s. 47

I 1945 var folketalet 1 080, alle arabarar, medan det samla landarealet var 15 007 mål, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64 Av dette var 4 843 for plantasjar og irrigert land, 1 905 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111 medan 55 mål var klassifisert som utbygde område.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 161

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Aboud» frå , den 22. september 2015. oppgav desse kjeldene:

(p. 166 ff ) (s. 302-03, 305, 347)

(p. 128 -134 )

, London,

(s. 17 - 23 ) (RRH, s. 113, No. 433), (RRH, s. 137-138, No. 518), (RRH, s. 145, No. 547), ( RRH, s. 258-260, No. 983) (RRH Ad, s. 28, No. 458a)

Bakgrunnsstoff Velkomen til 'Abud Områdefoto

Kategori:Palestinske kristne busetnader Kategori:Landsbyar på Vestbreidda