al-Am'ari flyktningleir (arabisk مخيّم الأمعري) er ein palestinsk flyktningleir i Ramallah og al-Bireh guvernement, 2 kilometer sør for Ramallah sentralt på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde leiren eit folketal på 5 719 innbyggjarar i 2006.Places in Ramallah & Al Bireh guvernement by Type of Locality and Population Estimates, 2007-2016 Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) al-Am'ari-leieren har 10 377 registrerte flyktningar. Leiren vart grunnlagd i 1949 på 90 mål innan kommunegrensa til al-Bireh. I 1957 var alle telta i leiren erstatta av skur av sememntblokker. Som det meste av leiarane på Vestbreidda, lid Amari av overfolking og dårlege sanitære forhold. Leiren vert styrt av Den palestinske sjølvstyresmakta.The Camp Flyktningleiren har to skular, ein for gutar med 1250 elevar, og ein for jenter med 970 elevar.

Fotballaget til leiren har vunne den palestinske fotballmeisterskapen fleire gonger og har representert Palestina både regional og internasjonalt.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Al-Am'ari Refugee Camp» frå , den 22. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Am'ari flyktningleir, UNWRA

Kategori:Ramallah og al-Bireh guvernement Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Palestinske flyktningleirar på Vestbreidda