Ajjul (arabisk skrift عجّول) er ein palestinsk landsby i Ramallah og al-Bireh guvernement nord på Vestbreidda, kring 19 kilometer nord for Ramallah. Det er to arkeologiske stader (khirbet) aust for landsbyen. Ein av desse er tileigna ein tidlegare innbyggjar i Ajjul, sjeik Abdul.Ajjul Village Ajjul Village Council. (Translated from Arabic)
Geografi Ajjul ligg 500 meter over havet. Han ligg kring 20 kilometer nordvest for byen Ramallah. Andre byar i nærleiken er Abwein i nordaust, 'Arura i nord og 'Atara i sørvest.
Historie Ajjul er ein landsby som ligg på ein eldgammal stad. Det er funne graver hogde inn i fjellet, og arkitektoniske element er nytta om att i ein moské.Dauphin, 1998, s. 824 Ein har òg funne potteskar frå jernalderen, persarane, grekarane, romarane og austromarane, krossfararane/ajjubidane, mamelukkane og dei tidlege osmanarane.Finkelstein et al, 1997, s. 415 Ajjul er blitt identifisert som ein stad krossfararane kalla Gul.Röhricht, 1887, s. 223, sitert i Finkelstein et al, 1997, s. 415
Ein moské i landsbyen har ein inskripsjon i sørveggen som er datert til 1196.
Osmansk tid Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 79 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, vindruer og frukttre, oliven, geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 117.
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen, som han kalla A'djoul, i 1870, og estimerte at han hadde kring 300 innbyggjarar. Kring Ajjul fann han svære fiken- og johannesbrødtre, i tillegg til granateple, morbær og aprikos-tre.Guérin, 1875, s. 169-170 I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Ajul som «ein mellomstor landsby, med ein brunn. Han ligg i høgt lende, med oliven rundt, og gamle graver. Ein eldgammal veg fører fram til staden i sør.»Conder og Kitchener, 1882, s. 289
Det britiske mandatet I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Ajjul eit folketal på 202, alle muslimar.Barron, 1923, Table VII, Ramallah underdistrikt, s. 16 Under folketeljinga i 1931 hadde Ajjul had 79 busette hus og eit folketal på 292, framleis alle muslimar.Mills, 1932, s. 47.
I 1945 var folketalet 350, alle arabarar.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64 I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde Ajjul eit folketal på 1 450 innbyggjarar i 2006.Projected Mid -Year Population for Ramallah & Al Bireh guvernement by Locality 2004- 2006 Palestinsk statistisk sentralbyrå.
I 1945 hadde landsbyen eit samla areal på 15 007 mål, i følgje ei offisiell landmåling. Av dette var 3 507 for plantasjar og irrigert land, 863 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111 medan 14 mål var klassifisert som utbygde område.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 161
Etter 1948 Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949 kom Ajjul under Jordan sitt styre.
Etter seksdagarskrigen i 1967 har Ajjul vore under israelsk okkupasjon.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ajjul» frå , den 22. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Velkomen til 'Ajjul
Kategori:Landsbyar på Vestbreidda