Odd Helge Brugrand () er ein norsk journalist og forfattar frå Lærdal. Brugrand er utdanna journalist med økonomi som tilleggsfag ved Senter for Journalistikk, Høgskolen i Bodø. Han har også studert statsvitskap ved Høgskolen i Østfold og historie ved Universitetet i Agder.
Han starta i lokalavisa Sogn Avis i 1997 og har jobba i Adresseavisen, VG og Aftenposten. Frå 2004 jobba Brugrand som utanriksreportar i Baltikum med ansvar for store delar av Aust-Europa for norske, svenske og danske media. Han var då busett i Tallinn, Estland. Frå mai 2016 har Odd Helge Brugrand jobba i NRK Sogn og Fjordane.
Sidan 2010 har Brugrand også skrive bøker. Debutboka var «16 år og Hitlers soldat» og i desember 2010 innleia han samarbeid med Lasse Tur og pilot Oddmar Stenhaug om flyfoto-bokserien Sett frå oven. Han har vore skodespelar i russisk TV-film og delteke framfor kamera i fleire norske og internasjonale dokumentarprogram, mellom anna i produksjonar for Discovery Channel og ARTE.
Bibliografi Bøker
I bøker - eit utval
Kjelder
NRK Sogn og Fjordane
Bakgrunnsstoff settfraoven.com I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Forfattarar frå Lærdal Kategori:Folk frå Lærdal Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske journalistar