Azraq våtmarksreservat er eit naturreservat nær byen Azraq i den austlege ørkenen i Jordan. Det er ein oase for trekkfuglar og vart grunnlagd i 1978 over eit areal på 12 km². Dei naturlege kjeldene tørka inn i 1991 og dei fleste trekkfuglane forsvann frå området. I dag vert det oppretthalde kunstige kjelder for at plassen framleis kan vere eit turistmål.
Historie Våtmarkene vart skapt kring 250 000 år sidanPlakat i Azraq museum. då geologiske endringar førte vatn opp til overflata. Azraq har sidan oldtida vore både langs kryssande menneskelege handelsruter og trekkfugleruter.Poster i Azraq museum. Millionar av kubikkmeter med ferskvatn trekte til seg kamelkaravanar som førte krydder og urter mellom Arabia, Mesopotamia og Syria. Millionar av trekkfuglar stoppa i Azraq mellom Afrika og Europa. I 1960-åra byrja ein å pumpe vatnet for å forsyne den aukande folkesetnaden i Amman. I 1978 oppretta Royal Society for the Conservation of Nature Azraq som eit våtmarksreservat. Men i 1992 hadde kjeldene tørka inn, og dei vassførande laga opphøyrde. Alle vassbøflane i Azraq døydde, og mange trekkfuglar stoppa ved Genesaretsjøen i staden for.
Azraq i dag Azraq-våtmarka har blitt skildra som ein «økologisk kollaps». RSCN kjempar stadig ein kamp mot aukande folketal og det veksande behovet for vatn. Kvart år vert det pumpa 10 millionar kubikkmeter vatn av det jordanske vassdepartementet for å oppretthalde Azraq, men det er berre nok til at Azraq er 10 % av den opphavlege storleiken.Plakat i Azraq museum. I dag er det meir enn 500 ulovlege brunnar som framleis pumper vatn frå Azraq.Plakat i Azraq museum. På berre 37 år har talet på trekkfuglar blitt redusert frå 347 000 i 1967 til 1200 fuglar i 2000.Plakat i Azraq museum. Azraq forsyner kring ein fjerdedel av Amman med drikkevatn.Plakat i Azraq museum. 25 kvadratkilometer som ein gong var dekt av våtmarker, har no tørka inn.
Sjå òg Dana biosfærereservat Dibeen skogsreservat Shaumari dyrereservat Royal Society for the Conservation of Nature naturreservat i Jordan
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Azraq wetland reserve» frå , den 2. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Royal Society for the Conservation of Nature
Kategori:Våtmarksområde i Jordan Kategori:Naturreservat i Jordan Kategori:Ramsarstader i Jordan