Liarbø er ein gard sør i Fitjar kommune.
Garden grensar til Stordfjella i aust, Sæterbø i sør, Røydland i vest og Årbø i nord. Garden ligg noko opp i lia og har fått namn etter dette.
Historie Garden er ikkje særleg gammal og vart truleg opprydda under gardane som ligg lenger vest. Han er nemnt som Liid i Bjørgyngar Kalfskinn kring 1350. I 1590 vart namnet skrive Lierbøe og på same måte som nabogarden Sæterbø, har han mest truleg lege øyde i seinmellomalderen, men blitt nytta som beitemark eller slåtteland.
Kjelder
Liarbø på norgeskart.no
Kategori:Gardar på Fitjar