Chicago 13 er det 11. studioalbumet av det amerikanske bandet Chicago, gjeve ut i 1979. Det var oppfølgjaren til Hot Streets og vert ofte slakta av kritikarane. Dette var det siste albumet med sologitaristen Donnie Dacus, som hadde erstatta den avdøde, opphavlege sologitaristen Terry Kath året før. Alle bandmedlemmane medverka med låtskrivar.
Bakgrunn Etter innspelinga var over i Morin-Heights i Quebec og Hollywood kom Chicago 13 ut i august 1979. Bandet gjekk attende til å nummerere albuma sine og syne logoen sin på framsida. Singelen til Donnie Dacus, «Must Have Been Crazy», kom ut før albumet. Chicago 13 var det første Chicago-albumet utan hitsinglar. Med negative meldingar nådde Chicago 13 berre 21. plassen i USA, men selde til gullplate. Ikkje lenge etter albumet og turneen, fekk Dacus sparken utan noko forklaring på kvifor.
I 2003 vart Chicago 13 remastra og gjeve ut på ny Rhino Records med ei B-side, Dacus sin «Closer To You» (eit unytta opptak frå Hot Streets-innspelinga), og ein 12-tommarsmiks av «Street Player» som bonusspor. Songane «Street Player» og «Closer To You» hadde tidlegare vore gjevne ut av andre artistar: «Street Player» av Rufus, som spelte han inn før Chicago; og «Closer» av Stephen Stills, men med Donnie Dacus på solovokal. «Street Player» vart til slutt ein hit, då han vart sampla for både hitten «The Bomb! (These Sounds Fall into My Mind)» av The Bucketheads i 1995 og «I Know You Want Me (Calle Ocho)» av Pitbull i 2009, og til slutt i ein remix i 2013 av dance-produsenten Tradelove.
Innhald
Medverkande Peter Cetera – bass, solo- & korvokal Donnie Dacus – gitar, solo- & korvokal Laudir de Oliveira – perkusjon Robert Lamm – klaverinstrument, solo- & korvokal Lee Loughnane – trompet, korvokal James Pankow – trombone, blåsararrangement Walter Parazaider – treblåseinstrument Danny Seraphine – trommer
Andre medverkande David «Hawk» Wolinski - synthesizer på «Street Player» Airto Moreira - perkusjon på «Street Player», «Paradise Alley», «Life Is What It Is» og «Run Away» Maynard Ferguson - trompet på «Street Player» «P.C. Moblee» - solovokal på «Window Dreamin'» og «Aloha Mama» (Moblee var i røynda Peter Cetera som song i lågt toneleie.
Produksjon Produsert av Phil Ramone og Chicago Produksjonsassistent – Michele Slagter Lydteknikar og miksing av Jim Boyer Assisternade lydteknikarar: John Beverly Jones, Brad Leigh, Peter Lewis, Nick Blagona, Robbie Whelan og Roger Ginsley Mastra av Ted Jensen Plateomslag – John Berg Logodesign – Nick Fasciano
Lister Album - Billboard (Nord-Amerika) ÅrListePlassering1979Pop Album21
Singlar- Billboard (Nord-Amerika) ÅrSingleListePlassering1979Must Have Been CrazyPop Singles831979Street PlayerBlack Singles91
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Chicago 13» frå , den 28. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Album produserte av Phil Ramone Kategori:Chicago-album Kategori:Columbia Records-album