Chocooropendola (Psarocolius cassini) er ein fugl i trupialfamilien. Han lever i eit avgrensa område i nordlege Stillehavsregionen i Colombia. Arten har naturleg habitat i subtropiske eller tropiske fuktige låglandsskogar, som er truga av øydelegging.
Skildring Hannfuglen er ca. 46,5 cm i kroppslengd, hoa er litt mindre, ca. 40 cm. Denne fuglen liknar mykje svartoropendola (Psarocolius guatimozinus) i utsjånad, begge er i stor grad svarte med kastanjebrune oversider, men flekkene av berr hud på kinna er rosa hos chocooropendola, skuldrene og vengene er meir raudbrune og kroppssidene er heller meir kastanjefarga. Begge har sitrongul hale med smalare svarte sentralfjører.
Denne arten er endemisk for eit område ved foten av fjellkjeda Serranía del Baudó i Chocó-departementet og litt inn i nordvestre Antioquia-departementet i Colombia.Utbreiingskart IUCN Henta 1. november 2015 Arealet av utbreiingsområdet er berekna til 4 570 km2.
Den internasjonale naturvernorganisasjonen (IUCN) har vurdert vernestatusen for Chocooropendola som sterkt truga. Grunngjevinga er både den litle bestanden som er kjent, og degradering av habitatet som som følgje av avskoging, etablering av palmeoljeplantasjar, jordbruksverksemd og vegbygging. Det finst eit grovt estimat på den totale populasjonen på mellom 1000 og 2500 individ, og bestanden vil venteleg minke.BirdLife International (2015)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Baudo Oropendola» frå , den 1. november 2015.
BirdLife International (2015) Species factsheet: Psarocolius cassini. Henta frå http://www.birdlife.org den 1. november 2015 Referansar
Bakgrunnsstoff Fraga, R. (2011). Baudo Oropendola (Psarocolius cassini) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2015). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 1. november 2015 Baudó Oropendola (Psarocolius cassini), foto: Edwar H Guarín/Flickr Henta den 1. november 2015
Kategori:Trupialfamilien Kategori:Fuglar endemiske for Colombia