Annie Whitehead () er ein engelsk jazztrombonist. Ho har spelt for Michael Rath Trombones.
Whitehead byrja å spele trombone på skulen og i 1970-åra flytta ho til London, der ho var etterspurt. Dei neste åra arbeidde ho med Chris McGregor sitt Brotherhood of Breath, National Health, Carla Bley, Robert Wyatt, Joan Armatrading, Penguin Cafe Orchestra, Chris Rea, Bill Wyman, Elvis Costello, Jah Wobble, ...And the Native Hipsters og andre. I 1984 danna ho sitt eige band og gav ut det første albumet sitt som leiar. Ho var medlem av Working Week, og har spelt på meir enn 50 album..[ www.allmusic.com: Annie Whitehead > Credits]
I 2003 spelte ho trombone på Robert Wyatt-albumet Cuckooland. Seinare spelte ho i hyllestbandet til Frank Zappa, Zappatistas med jazzgitaristen John Etheridge og andre. I 2006 vart ho med i det belgiske bandet The Wrong Object. I 2007 spelte ho trombone på Robert Wyatt-albumet Comicopera.
Diskografi Mix up 1984 This is ...Rude 1994 Naked 1997 Home 2000 The Gathering 2000
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Annie Whitehead» frå , den 16. november 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff ABRSM Europe Jazz network
Kategori:Britiske jazztrombonistar Kategori:Folk frå Oldham