Christen Andersen Neersten () var ein norsk gardbrukar, lensmann og stortingsrepresentant.
Neersten vart døypt 2. juli på Løddesøl i Øyestad. Han er i ettertid særleg kjent som lensmannen som var med på å arrestera Kristian Lofthus under Lofthusreisinga. Han fekk tildelt ei sølvkanne for det, ho gjekk i 1816 med til å betale sølvskatten til Noregs Bank. I fylgje Tallak Lindstøl var han ein mann med kjempekrefter. Under ein krangel «tok han tre tøndesækker med rug iland samtidig, en i hver haand og en med tænderne, men da rømte slaaskjæmperne, som vilde ha tak i ham».
Han var 1. representant frå Nedenes amt til Stortinget i 1815. Han var medlem av valkomiteen og militærkomiteen. Neersten var òg 2. suppleant frå Nedenes og Robygdelagets amt til Stortinget i 1824.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Christian Andersen Neersten» frå , den 22. november 2015.
Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Norske politifolk Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder